BRANN

Start 16.08.2024

Slutt 13.10.2024

Vågsallmenningen 12, 5014 Bergen

Få ting i verda er meir komplekst og paradoksalt enn eld. I si enklaste form er eld ein kjemisk prosess. Eit visuelt og sansbart resultat av at energi vert frigjort som ljos og varme når eit material reagerer på oksygen. I denne kjemiske prosessen finst både kimen til liv, men også til destruksjon og utsletting. Eld kan halde sjølve livet i gong – tenne gneista til samfunn, sivilisasjon og ritual. Flamme opp, sette hug og hjarta i brann. Men same elden kan verte om til tunger av flammer som sluker både natur og kultur, legg byar og landskap aude i aske. Somme tider kan ein brann berre sløkkast ved å tenne ein annan. Korleis balanserer ein å nytte seg av eldens kraft og samstundes trygge seg mot det øydeleggjande potensialet? I Invitert (7): BRANN av Irene Nordli (NO) og Jenny Mäki (SE) vert deira fascinasjon for eld og eldens ibuande, ofte motstridande kvalitetar og moglegheiter sameina. Mäki nyttar den japanske teknikken yagisugi, der ein brenn treverk for å verne og gje det eit langt liv. Dette framhevar treverkets struktur og oppbygging, i kontrast til den valdsame handsaminga teknikken medfører. Ho koplar så treet saman til søyler som vert til svarte, svivande stammar i ein framand skog. Eit landskap som ber vitne om katastrofe, eller eit løfte om ei ny byrjing? I den sanselege, tvetydige skogen møter Mäkis svarte trestammar Nordlis keramiske skulpturar. Store, organiske former av leire i eit spekter frå svartleire til kvit porselen. Ofte hole, som eit hint om rom for å spire og gro, eit liv som trer ut or oska. Også i keramikkens verd er eldens kraft og lune essensiell – sidan urtida har menneska bygd holer og kammer til å brenne skulpturar og bruksting av leire, som i den japanske teknikken anagama. I Invitert (7): BRANN trer ein inn i ei utstilling der både sansar og sinn vert aktiverte og møter eldens ulike stadium. Kontemplative verk av skjør sot møter robuste former stivna av varme. Frå det mørkaste mørke til det ljose og fargesterke. I både Mäkis og Nordlis praksisar er elden sentral. Ved å vandre gjennom Mäkis og Nordlis alkymistiske landskap vert ein omslutta av paradoks og kontrastar, ein vekselverknad av skaping og utsletting. Mytologi og religion fortel ofte om at det er eldens flammande tunge som til sist skal gjere ende på verda slik vi kjenner ho. Men i kjølvatnet av eldens inferno ser ein kanhende tydelegare kimen til nye byrjingar – ei spire som gror, eit glødande egg, material som mot alle odds har vorte styrka ut over seg sjølv i møte med eldens mektige kraft. Irene Nordli (f.1967, Noreg) vart uteksaminert ved Kunsthøgskulen i Bergen i 1995 og var professor ved Kunsthøgskulen i Oslo, Institutt for kunst og håndverk fram til 2019. Ho har stilt ut mellom anna ved Kunsthall Grenland i Porsgrunn, Galleri Format, Lillehammer kunstmuseum og Akershus kunstsenter. I 2024 deltok ho på Officine Saffi Award 5 i Milano, Italia. Nordli har gjennomført mange ulike Kunst i offentleg rom-prosjekt, som Don’t be a Stranger, Asker Kulturhus og Månelyst, Halden fengsel (KORO). Arbeida hennar er innkjøpte av mellom anna Sørlandets Kunstmuseum, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, KODE, Lillehammer Kunstmuseum og Drammen museum. Jenny Mäki (f.1976, Sverige) er arkitekt med hovudvirke i Skandinavia. Ho vart uteksaminert ved Chalmers i Gøteborg i 2005 og TU Delft i Nederland. Ho er ofte invitert som gjestekritikar og førelesar ved Sveriges og Noregs arkitekturinstitusjonar og har mellom anna vore tilsett på Chalmers, NTNU, AHO, NMBU og KORO. Mäki har ei rekke premierte arkitekturkonkurransar i ryggen, mellom anna fyrste plass ved Skövde Nya Krematorium SE i 2021, Honourable mention ved Wetland museum Mia Fetsund NO i 2020, CA-runner-up ved Creating a biodiversity corridor i Montreal 2018, 2nd place open competition ved Parc des Quatre Riviéres Quebec CA i 2017, European 11 Norway Honourable mention, European 10 Norway Runner-up.